Aktuelt frå kommunen

Færre skattekroner til Fusa

Assortert utval av norske pengesetlar. Foto. - Klikk for stort bilete Fusa er ein av mange kommunar som opplevde nedgang i skatteinntektene frå 2013 til 2014. Skatteinngangen i Fusa vart 0,2 prosent lågare i 2014 enn i 2013 og vesentleg lågare enn budsjettert.

 
Skatteinntektene i 2014 vart på 89,9 millionar kroner for Fusa, medan ein hadde rekna med å få skatteinntekter på 96,5 millionar. Ei ordning som utjamner inntektene mellom dei ulike kommunane veg litt opp for dei tapte skattekronene. Det er likevel eit avvik mellom faktiske inntekter og budsjetterte inntekter på nesten 3,9 millionar kroner. 
 
Heile 145 kommunar fekk i følgje Kommunal Rapport lågare skatteinntekter enn i 2013. Samla utgjer dette ein skattesvikt på 2,25 milliardar kroner. Skatteinntektene bidreg til å betala for dei ulike tenestene som kommunane gjev til innbyggjarane.
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 21.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30