Statsbudsjett og budsjettforlik
Betalingssatsane for barnehageopphald vert i 2015 endra to gongar, 01.01. og 01.05., som følgje av endringar i statsbudsjettet. Der vart det føreslått å auka prisen for full plass til kr 2 580 frå og med 01.01.2015, men i budsjettforliket vart partia einige om at auken ikkje skulle tre i kraft før frå og med 01.05.2015, opplyser einingsleiar Irene Foer. 18.12.2014 publiserte Utdanningsdirektoratet endå ei justering: For å vidareføra same reelle pris som i 2014, vart prisen sett opp til kr 2 480 frå og med 01.01.2015.
Fusa-faktura
I Fusa var fakturaene for januar alt laga på dette tidspunktet, og dermed står det feil sats for barnehageopphald i januar på dei utsende fakturaene. Dette vert retta opp på faktura i februar månad, opplyser einingsleiaren. Då får barnehageføresette ein faktura med riktig sats, der det som er fakturert for mykje for januar, er trekt frå. Forfallsdatoen er forlenga til 24. februar, for å få med alle korrigeringar.
Frå og med mars månad vil det bli fakturert med riktige satsar og med forfallsdato den 20. i månaden.
Satsane for matpengar vert for 2015 slik som vedtatt i kommunestyret 18.12.2014.
Snarveg: