Aktuelt frå kommunen

Eldredagen 2014 i Fusa

Faksimilie av handskrivne sider med signaturar og lakksegl. - Klikk for stort bileteFaksimilie av handskrivne sider med signaturar og lakksegl.

Eldredagen onsdag 1. oktober vert feira med ei samling i Eikelandsosen bedehus kl 15. Her vert det både markering av grunnlovsjubileet, song og musikk, loddsal og kortreist mat.
 

Program

Herleiv Rolfsnes held føredrag om sentrale hendingar i 1814. Det vert underhaldning ved elevar frå kulturskulen og song av Strandvik blandakor. I tillegg vert det allsong og loddsal.

Kortreist mat

Arrangørane - Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - lovar kortreist mat frå Fusa: Snittar, kake og kaffi.

Inngangspengar kr 200 pr person. 

Senior- og funksjonsrådet ønskjer alle interesserte hjarteleg velkommen til markering av eldredagen 2014 i Fusa.

Sjå plakat. (PDF, 82 kB) 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30