Aktuelt frå kommunen

Ekstra budsjettmøte i formannskapet

Norske kroner og myntar - illustrasjonsfoto frå KS. - Klikk for stort bilete Formannskapet er i gang med budsjettarbeidet for 2015 og arbeidet med økonomiplan for 2015-2018. Fredag 19.09. kl 11 vert det ekstramøte i Kommunetunet i Eikelandsosen. Neste veke er det tid for den første ordinære møterunden i haust i råd og utval.

I ekstramøtet fredag skal formannskapet koma med føringar for det vidare budsjettarbeidet. Meir informasjon om dette finn du på sidene om Budsjett 2015.

Innkalling med sakspapir er lagt ut her på heimesida og i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Møta er opne for alle interesserte. Sjå kunngjeringane for møtetider.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30