Aktuelt frå kommunen

Dansketid og 1814 på Engevik Gaard

Kong Fredrik 4.s Tambouravdeling frå Fredrikstad gjesta Engevik Gaard på Kystsogedagen i august 2013 med sine tidsriktige våpen og uniformer frå 1700-talet. - Klikk for stort bileteKong Fredrik 4.s Tambouravdeling frå Fredrikstad gjesta Engevik Gaard på Kystsogedagen i august 2013 med sine tidsriktige våpen og uniformer frå 1700-talet. EMBV Onsdag 14. mai samlast alle 6. klassingane i Fusa på Engevik Gaard for å læra meir om det som skjedde i 1814, og ikkje minst den historiske perioden før Grunnlova - dansketida. Engevik Gaard var ein av mange offisersgardar i Noreg på 1700-talet. Aktivitetsdagen innheldt både historietime og tidsriktige aktivitetar.

Den årlege aktivitetsdagen for 6. klassingane på Engevik Gaard er del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto".

Krokket, våpenmerke og militær eksersis

Etter historietime i sjøbua fekk elevane vera med på aktivitetar som høyrde tida og embetsmannsgarden til i det vakre vårvêret. Det vart spela krokket på plenen med Anne Ditmarsen og Ella Marie Brekke Vangsnes som medhjeparar. Ottar Midtrød gav 6. klassingane innføring i militær eksersis, og dei marsjerte taktfast rundt i tunet under hans kommando.

I borgstova fortalde Erik Vangsnes om tradisjonen med våpenmerke. På 1700-talet var det på moten å laga personlege våpenmerke eller slektsmerke, og 6. klassingane teikna sine eigne denne dagen.

Segelcke-slekta

Verten på Engevik Gaard, Lars Johan Ditmarsen, viste elevane rundt i hus og tun. Han er etterkomar i 8. generasjon etter den første offiseren på Engevik Gaard, Christian Wilhelm Segelcke, som kjøpte garden frå danskekongen i 1723. 

Takk til Anne og Lars Johan Ditmarsen som opnar det flotte tunet sitt for "Fusanisto"!

Kong Fredrik 4.s Tambouravdeling frå Fredrikstad gjesta Engevik Gaard på Kystsogedagen i august 2013 med sine tidsriktige våpen og uniformer frå 1700-talet. | Fotograf: EMBV Ivrig 6. klassing i full konsentrasjon på krokketbanen på Engevik Gaard 14. mai 2014. | Fotograf: EMBV Jippi! Kula gjekk gjennom krysset! 6. klassingar i aksjon på krokketbanen på Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV 6. klassingar i aksjon på krokketbanen på Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV
Ottar Midtrød lærde 6. klassingane å marsjera. | Fotograf: EMBV Venstre om! 6. klassingane fekk prøva seg på militær eksersis under Ottar Midtrød sin kommando. | Fotograf: EMBV 6. klassingane fekk prøva seg på militær eksersis under leiing av Ottar Midtrød. | Fotograf: EMBV Segelcke-slekta hadde eit flott våpenmerke på 1700-talet. 6. klassingane fekk teikna sine eigne våpenmerke på aktivitetsdagen 14. mai. | Fotograf: Erik Vangsnes
På 1700-talet var det på moten å laga personlege våpenmerke eller slektsmerke. Her er ivrige 6. klassingar frå Holdhus og Vinnes i arbeid med å teikna sine eigne våpenmerke på aktivitetsdagen 14. mai. | Fotograf: Erik Vangsnes Engevik Gaard vart offisersgard i 1723, då oberstløytnant Christian Wilhelm Segelcke kjøpte garden frå danskekongen. Segelcke er gravlagd i København. I 2013 vart det reist ei minnestøtte på garden på Engevik i samband med at det var 250 år sidan han døydde. Vert på garden i dag er etterkomaren i 8. generasjon, Lars Johan Ditmarsen (n. 2 f.v.). To andre etterkomarar etter Segelcke var òg med som instruktørar på aktivitetsdagen 14. mai 2014: Erik Vangsnes (t.v.) og Ottar Midtrød (t.h.). | Fotograf: EMBV Våpenmerke med ordspråk: "La meg vere meg å du få vere deg". Våpenmerke med mykje ornamentering rundt.
Personleg våpenmerke med hobbysymbol og ordspråk: "Love volleyball". Personleg våpenmerke med hobbysymbol - ski - og valspråk: "Aldri gje opp!" Personleg våpenmerke med hobbysymbol: fotball. Våpenmerke med valspråk: "Gud bevare jorden!"

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30