Aktuelt frå kommunen

Budsjettmøte i kommunestyret

Lange rekkjer med 200-kronesetlar. Foto. - Klikk for stort bilete Torsdag 18. desember har Fusa kommunestyre møte i Breidablikk i Sævareid kl 13.00. Møtet er ope for alle interesserte. Hovudsaka er handlingsplanen for Fusa kommune for komande fireårsperiode med budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018.

Kommunestyret skal òg handsama ein del saker som er knytte til budsjettet for neste år: Nedlegging av kommunale vegar, samarbeidsavtale om utbygging av krøllgrasbane i Eikelandsosen, og søknad om kommunalt tilskot til ballbinge ved Søre Fusa oppvekstsenter.

Andre saker

Den årlege rulleringa av handlingsprogrammet til kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2025 står òg på dagsordenen saman med framlegg om oppløysing av Stiftinga Vinnesholmen og tenesteavtale innan psykisk helse og rus.

Kommunestyret skal òg fastsetja den politiske møteplanen for 2015 og drøfta politisk organisering 2015-2019.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30