Aktuelt frå kommunen

Bokbåten til Fusa

Bokbåten Epos - Klikk for stort bilete Bokbåten Epos kjem til Fusa måndag 24. november og vitjar Baldersheim, Strandvik og Vinnes. Her kan du låna bøker og andre media, i tillegg får publikum oppleva eit kulturprogram.

Bibliotektilbod for alle
Epos kjem til Baldersheim måndag 24. november kl 9.00 og ligg ved kai til kl 10.30. I Strandvik er båten 11.00-12.30 og på Vinnes 13.00-15.00.

Bokbåten er ein del av bibliotektilbodet i Fusa som Hordaland fylkeskommune har ansvaret for. Båten kjem ein tur på våren og ein tur om hausten. Bokbåten vert brukt både av barnehagar og skular, men er eit tilbod for alle interesserte.

Rottweileren Rocky
Det er eit kulturprogram ombord like etter at båten legg til kai. Her får publikum møta Per Jostein Aarsand. Han bergtek sitt  publikum med  historia om  verdas snillaste og gata sin sterkaste hund, rottweileren Rocky. Per Jostein har med gitar, og alle er med og syng undervegs i framsyninga. Vi kjem tett inn på historia om Rocky, og alle som har hatt eit kjæledyr vil la seg fengsle av denne vakre historia.

Stykket høver for alle frå 3 år.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30