Aktuelt frå kommunen

Bok på vandring

Bok på vandring - Klikk for stort bileteBok på vandring 12. juni startar nesten 100 bøker på ei reise ut i sommarlandet i Hordaland, og kanskje endå lengre. Folkebiblioteka i kommunane Fusa, Os og Vaksdal samarbeider om eit prosjekt som vert kalla «Bok på vandring». Liknande prosjekt har vore gjennomførte under namnet «Bookcrossing» andre stadar i verda.

Bøkene vert lagde ut på ulike stadar i kommunen, til dømes i butikkar, på kjøpesenter, venterom, kaféar, kantiner og treningssenter, med ei oppfordring om å ta boka med heim, lesa ho og gje ho vidare til ein ny lesar.
Biblioteka har merka vandrebøkene med «BOK PÅ VANDRING: TA MEG LES MEG».

Dette er bibliotekbøker, som ikkje skal leverast tilbake til biblioteket som normalt. Ønske er at den gode leseopplevinga skal  leverast vidare til ein ny lesar ved at boka vert plassert ein stad der nokon kan finna ho.
Tanken bak dette prosjektet, som delvis er finansiert av organisasjonen Fritt ord, er at flest mogleg skal få gode leseopplevingar.

Bok på vandring - Klikk for stort bileteBok på vandring

 

Det er óg veldig kjekt dersom nokon skriv nokre ord om kor dei fann boka, kor dei la ho fra seg att, - og kanskje noko om korleis dei likte boka. Dette kan dei gjera på biblioteka sine facebook-profilar, i ein e-post eller på eit papir. Bøker og leseopplevingar er noko av det beste vi kan dela med kvarandre!

Oppfordringa er: Gå ut i sommarlandet og finn ei bok frå biblioteket merka med «BOK PÅ VANDRING: TA MEG LES MEG». Kanskje dette er den boka som vil røra ved noko i deg, som vil skapa nye tankar og haldningar, - eller som rett og slett vil vera ei underhaldande leseoppleving.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.06.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30