Aktuelt frå kommunen

Årsmelding for Fusa kommune 2013

Førehandsrøysting i Kommunetunet - Klikk for stort bileteFørehandsrøysting i Kommunetunet Årsmeldinga (PDF, 6 MB) viser at Fusa kommune i året som gjekk leverte tenester for ca 288 mill kroner brutto. Rådmannen melder om eit både hendingsrikt og utfordrande år, der driftsutgiftene vart tekne ned med ca 11 mill. kroner. Ho framhevar organisasjonen si evne og vilje til å ha brukarfokus og utviklingsfokus og er stolt over måten tilsette, leiarar og tillitsvalde har takla utfordringane på.
 

Gledeleg betring

Rekneskapen for 2013 viser eit "overskot" eller mindreforbruk på ca kr 363 000, medan netto driftsresultat er på 1,5 % eller 4,5 mill. kroner. Kommunesektoren sin organisasjon KS tilrår eit netto driftsresultat på 3 %. Sjølv om vi ikkje nådde det målet i 2013, er det likevel gledeleg at Fusa kommune har ei betring av netto driftsresultat frå året før med 7 mill. kroner, kommenterer rådmann Berit Fløisand.

 

Eigedomsskatt og tenesteproduksjon

I 2013 hadde vi inntekter på ca kr 11,7 mill. frå eigedomsskatten. Alle inntektene frå eigedomsskatten vert brukt i den løpande tenesteproduksjonen i einingane.

Brutto fordeling av midlane mellom tenesteområda i Fusa kommune 2013. - Klikk for stort bilete Illustrasjonen syner fordelinga mellom tenesteområda (bruttotal). Nesten 3/4 av kaka går til "dei tre store": 38 % gjekk til pleie- og omsorgstenester, 24 % til grunnskuledrift og 10 % til barnehagar.

Drifta på einingane/ansvarsområda går isolert sett med eit overforbruk i høve til budsjett på ca kr 1,1 mill., det vil seia 1 % avvik. Resultata er kommentert nærare under dei aktuelle einingane/ansvarsområda.

Fondsmidlar og handlefridom

Behaldninga av fondsmidlar seier noko om kommunen sin handlefridom. Rådmannen peikar på at dei samla fondsmidlane til Fusa kommune er redusert drastisk sidan 2007, og at vi no har svært låge frie fondsmidlar til å møta uføresette utgifter og til investeringar.

Sidan bundne fond må nyttast til dei føremåla dei er tenkte, er handlefridomen først og fremst avhengig av disposisjonsfond. Disposisjonsfondet til driftsføremål var pr 31.12.2013 kr 5,6 mill. Av dette har kommune-styret vedteke å nytta kr 3,9 mill. til å dekkja driftsutgifter i 2014. Rådmannen rår til at det rekneskapsmessige mindreforbruket i 2013 på kr 363 000 vert avsett på disposisjonsfond til driftsføremål.

Langsiktige val

Rådmannen vonar årsmeldinga vil gje eit godt oversyn over tenesteproduksjon og prioriteringar i året som har gått.

Avslutningsvis minner rådmannen om at kommunen må prioritera strengt for å nå måla ein har sett seg i samfunnsdelen av kommuneplanen og vedteken handlingsplan for 2014-2017. "Dilemma som ofte møter oss då, er at dei kloke langsiktige vala gjerne smertar mest i det kortsiktige perspektivet. Her må administrasjon og politisk system hjelpa kvarandre. Rådmannen er viss på at vi alle vil det beste for fusasamfunnet og innbyggjarane," heiter det i innleiinga til årsmeldinga.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.04.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30