Aktuelt frå kommunen

Arkivplanen for Fusa kommune er klar

Fargerike mappeomslag i ei hylle i arkivet til Fusa kommune. - Klikk for stort bilete Fredrik Thorsen

Fusa kommune har fått ny arkivplan. Planen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i kommunen, og skal sikra at Fusa kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova. Den nye planen er ein elektronisk plan, som er å finna på internett

Lovpålagd ansvar

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene som vert gitt i arkivplanen, fortel arkivleiar i Fusa kommune Magda Haugen. Ho har saman med sekretær Monica Vik stått for det omfattande arbeidet med å laga den nye arkivplanen, som avløyser arkivplanen frå 1997.

Planen skal sikra at Fusa kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Oppdatering av arkivplanen

Oppdatering av arkivplanen skal skje når:

  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  • det vert teke i bruk ny arkivnøkkel
  • ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • kommunale einingar vert nedlagde eller oppretta
  • det vert oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegeringsreglement
  • kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen
  • ved kommunesamaslåing

Arkivansvarleg avgjer om det er trong for oppdatering av arkivplanen når:

  • det vert teken i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det vert teken i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei vert sett i verk og har rett til å uttala seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen har rådmannen delegert arkivansvaret til arkivleiar. Magda Haugen oppmodar alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30