Røysting på valdagen 9. september

Ved stortingsvalet må du på valdagen 9. september røysta i den kommunen du er manntalsført. Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkort. Vallokala i Fusa har ope kl 13-19 på valdagen - bortsett frå Eikelandsosen, som har ope kl 10-19.

Treng du skyss på valdagen? Ring Fusa frivilligsentral på tlf. 56 58 01 14 eller mobil 916 93 226 innan torsdag 5. september kl 12.

Valkrins, vallokale og opningstider

  1. Nore Fusa: Nore Fusa oppvekstsenter - skulen kl 13-19 

  2. Eikelandsosen: Fusa ungdomsskule kl 10-19 

  3. Fusa: Fusa samfunnshus kl 13-19 

  4. Strandvik: Strandvik oppvekstsenter - skulen kl 13-19 

  5. Hålandsdal: Holdhus oppvekstsenter - skulen kl 13-19 

  6. Søre Fusa: Søre-Fusa oppvekstsenter kl 13-19 

Valkrinsar

I Fusa er talet på valkrinsar/røystekrinsar redusert frå 11 til 6 ved dette valet. Er du usikker på kva valkrins du høyrer til? Sjå oversikt over endringane i røystekrinsane (PDF, 83 kB).

Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkort!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakar, skal legitimera seg. Du bør også ta med valkortet som du fekk i posten i byrjinga av august, men du treng ikkje valkortet for å røysta. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30