Aktuelt frå kommunen

Ærespris og idrettsstipend for 2014

Sveinung Eide og Anders Hjartnes ved prisutdelinga hjå Sparebanken vest. - Klikk for stort bilete  Fusa idrettsråd har tildelt Sveinung Eide Æresprisen for 2014. Eide får prisen for sin mangeårige innsats for idrettslag og idrettsanlegg i søre del av Fusa. Idrettsrådet i Fusa har samstundes delt ut idrettsstipend til skiskyttar Anders Hjartnes, dette i samarbeid med Sparebanken Vest, avdeling Fusa.

Fusa idrettsråd har i ei årrekkje delt ut æresprisar til lagleiarar, eldsjeler og aktive som over tid har gjort ein særleg innsats for idretten. Æresprisen er ein eigen diplom og prismottakarane får i tillegg eit gåvekort og blomar frå det lokale idrettsrådet.

 

Verdig prisvinnar
Ved utdelinga av prisen sa leiar i idrettsrådet Liv Nyheim Kilen at Sveinung Eide er ein svært verdig prisvinnar. Han har vore aktivt med i idrettsmiljøet i bygdene sør i Fusa i vel 30 år. Som aktiv har han om lag 350 kampar for IL Nordly og seinare Søre Fusa idrettslag. I tillegg til å vera spelar var han også oppmann i fleire periodar.
Han har hatt tillitsverv i styra i fleire omgangar, trenar for aldersbestemte lag og primus motor for utviklinga og vedlikehaldet av Selvågen idrettsplass. Han er framleis aktivt med i Søre Fusa idrettslag og er svært viktig for halda kontinuiteten i lagsarbeidet. Han har betydd enormt for idrettsaktivitet og idrettsmijøet i sin del av Fusa, sa Liv Nyheim Kilen.

Målretta skiskyttar
Idrettsstipendet på kr 10.000,- går for 2014 til 19 år gamle Anders Hjartnes frå Hålandsdal idrettslag. Anders Hjartnes går fjerde og siste året på Fusa vidaregåande skule si line med studiespesialisering kombinert med idrett/skiskyting. Avdelingsbanksjef Anja Riise sa ved utdelinga seg veldig imponert over den målretta satsinga som Anders Hjartnes legg for dagen og var stolt over at ungdom i Fusa no kan kombinera skulegang med ei seriøs satsing på idretten sin.

Young star
Anders Hjartnes har drive med skiskyting heilt sidan han var 8 år. Han kan visa til gode resultat både som rekrutt og junior, m.a. vart han som 15-åring plukka ut til å vera med i ”Young star”, Norges skiskyttarforbund sitt utviklingsprogram for unge talent.  Sist vinter vart beste plassering ein 4. plass på normalprogram i norgescupen, elles har det som junior vore fleire plasseringar rundt topp 10 på nasjonale renn. Anders har diverre også opplevd motgang og ved stipendutdelinga fortalde han at denne sesongen er blitt veldig amputert pga sjukdom. Stipendet frå idrettsrådet og Sparebanken vest kjem heilt sikkert godt med i ein idrett som medfører store utgifter, både til utstyr og reising til renn og samlingar.

Prisane vart delt under under ei enkel markeing i Sparebanken vest sine lokale i Eikelandsosen torsdag 12. februar.

Prismottakarar og prisutdelarar hjå Sparebanken vest i Eikelandsosen - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30