Aktuelt frå kommunen

Arealplanen i Regionalt planforum

Utsnitt av kart over Fusa kommune med innspel til den nye arealplanen teikna inn. - Klikk for stort bilete Tysdag 25. november er den nye arealplanen for Fusa tema i Regionalt planforum. Her får kommunen høve til å drøfta utvalde problemstillingar knytt til arealplanen som er i kjømda, med representantar frå fylket og andre regionale instansar med sektormynde.

Ordførar Hans Vindenes og planutvalsleiar Anne Martinsen stiller saman med folk frå administrasjonen. Dei andre medlemene i Utval for plan og miljø (UPM) er òg inviterte til å delta.

Regionalt planforum

Regionalt Planforum er ein møtestad der kommunar og andre forvaltingsorgan kan drøfta planar som er under arbeid. Det er forankra i plan- og bygningslova (§ 5-3). Målet er gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteresser mellom kommunar, fylke og sektormynde tidleg i planprosessane.

KU og ROS

Konsulentformaet Asplan Viak er i ferd med å avslutta sitt arbeid med å konsekvensutgreia dei om lag 160 innspela som UPM i juni valde å ta med vidare i planprosessen. Det vil seia at det vert utarbeidd konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) av alle potensielle nye byggeområde (bustad, fritidsbustad, nærings- og industriareal, naustområde osb).

Ny prioritering og samla plan

Når konsulentane er ferdige med sitt utgreiingsarbeid, vert det på nytt ei prioritering, basert på resultata i KU og ROS. På bakgrunn av denne prioriteringa skal det utarbeidast plankart, planomtale, føresegner og retningslinjer.

Målet er å leggja arealplanen ut på høyring i januar/februar 2015. Høyringsfristen skal vera minimum seks veker. Kommunestyret har som mål å vedta arealplanen i junimøtet i 2015.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30