Aktuelt frå kommunen

Allsidig aktivitet i Eidegrend klyngjetun

Ingrid Brekke lærde elevane å tova eple. - Klikk for stort bileteIngrid Brekke lærde elevane å tova eple. Heidi Baldersheim Den årlege aktivitetsdagen for 6. klassingane i Eidegrend klyngjetun vart skipa til fredag 29. august. Dagen er del av det kulturhistoriske undervisningsopplegget for fusaskulane "Fusanisto". Toving, baking, bygging, kultursti og husjakt stod på programmet denne fine augustdagen. 

Takk til Margun Eide for at vi får koma på besøk i tunet ditt!

Margun Eide saman med 6. klassingane i løa under opninga på aktivitetsdagen med lysbiletekåseri. | Fotograf: Heidi Baldersheim Kor mange av dei opphavlege husa står framleis i klyngjetunet? To sjetteklassejenter kryssar ivrig av. | Fotograf: Heidi Baldersheim Kven av dei opphavlege husa står framleis? Kor mange fann de? Ella Marie B. Vangsnes går gjennom fasiten med to elevar. | Fotograf: Heidi Baldersheim Ei elevgruppe studerer ein av dei 10 postane på kulturstien. | Fotograf: Heidi Baldersheim
Ei elevgruppe i sving rundt bakebordet saman med instruktørane Camilla Aarseth og Norunn Rød Markhus. | Fotograf: Heidi Baldersheim Astrid Rød hjelper ein elev med lefsesteikinga. | Fotograf: Heidi Baldersheim Ei elevgruppe i gang med å byggja ei grindverksløe saman med Ella Marie B. Vangsnes.  | Fotograf: Heidi Baldersheim Ei elevgruppe i gang med å byggja ei grindverksløe. Modellane er laga av Johannes Ryland. | Fotograf: Heidi Baldersheim
Margun Eide viser ei elevgruppe rundt. | Fotograf: Heidi Baldersheim Ei elevgruppe viser fram resultatet av arbeidet sitt på aktiviteten toving. | Fotograf: Heidi Baldersheim Ingrid Brekke lærde elevane å tova eple. | Fotograf: Heidi Baldersheim Ivrige tovarar i aksjon med ull, grønsåpe og vatn. | Fotograf: Heidi Baldersheim

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30