Aktuelt frå kommunen

Alf Prøysen-inspirasjon i Strandvik barnehage

Bamse Brakar og Teskeikjerringar med karnevalsgodteri. - Klikk for stort bileteBamse Brakar og Teskeikjerringar med karnevalsgodteri. Solveig Vindenes Februar månad har stått i forfattaren Alf Prøysen sitt teikn i Strandvik barnehage. Dei har sunge viser og høyrt og leika eventyr av den folkekjære diktaren som foreldre- og besteforeldregenerasjonen kjenner så godt. Det heile enda med "Prøysenkarneval".

Styrar Solveig Vindenes fortel at dei har høyrt historiane om "Geitekillingen som kunne telja til ti", "Teskeikjerringa" og "Den grøne votten".

"Vi har sunge og leika visene hans, som "Blåbærturen", og forteljinga om den vesle kyllingen. Vi har kledd oss ut som mor på kjøkkenet og Passopp som kjem bakom trea og skremmer ungane, og vi har gått med mjelkespann og plukka blå legoblåbær," fortel styraren.

Barnehagen hadde Prøysenkarneval same dag som skulen hadde kafe. På karnevalet var det mange dyr frå Prøysen sine historier og viser og søte små teskeikjerringar.

Leikar høyrer med på karneval, og i Strandvik barnehage har karnevalsleiken pinjata fått namnet "Slå godtet ut av øskjo”. Dagens vise var ikkje av Prøysen, fortel Solveig Vindenes, men lydde som så: Bollar opp og bollar ned og bollar i min mage. Viss eg ingen bollar får, lagar eg ballade!

 "Godtet ut av øskjo"-leik - Klikk for stort bilete"Godtet ut av øskjo"-leik Solveig Vindenes

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30