Aktuelt frå kommunen

Workshops og UKM for ungdom 10.-12. februar

Even Lygre  (UKM, Hordaland) - Klikk for stort bilete

Under UKM-helga 10.-12. februar blir det ulike kurs på Oseana kunst- og kultursenter med m.a. i streetdance og rockeverkstad med flinke instruktørar. Alle tilboda er gratis. Det årevisse kulturprogrammet til UKM er søndag 12. februar. Ungdom 13-20 år kan melda seg på som deltakarar på kurs og mønstring til og med 31. januar.

Hugs å melda deg på UKM

Den tradisjonelle kulturmønstringa for ungdom avsluttar kulturhelga 10.-12. februar med publikumsprogram frå kl 16.00 søndag 12. februar. frå storscenen i Oseana. Påmeldinga til UKM skjer via nettsida www.ukm.no og er open fram til og med 31. januar. Målgruppa er som vanleg ungdom i alderen 13 til 20 år og er ope for alle tenkelege kreative uttrykk frå film og utstilling til ulike innslag på scene. Du kan også melda deg som arrangør om du vil vera med i arrangørstaben.

Dragekurs

Tilbodet om kurs i bygging av dragar som var planlagt i januar er utsett til våren på grunn av få påmelde. Om du er interessert i tilbodet kan du ta kontakt med Fusa kulturkontor og få meir informasjon. Sjå opprinneleg invitasjon (JPG, 170 kB).

Stor kulturhelg på Oseana

Sjølve UKM-helga vert det full pakke på Oseana kunst- og kultursenter. Sjå invitasjon (PDF, 2 MB). Det startar med sosial kick-off fredag kl 18-21. Laurdagen vert det eit breidt tilbod av workshops mellom kl 12-19:

Streetdance med Julia Bergesen
Verkstad for band og artistar med Tommy Haltbakk m.fl
Sceneteknikk med Kjetil Osablod Grønvigh og Espen Hjertaas
Arrangørworkshop med Agnes Smørholm

Artisten Eirik Søfteland skal vera med over det heile. 

Påmelding til kursa i UKM-helga er til agnes.smorholm@fusa.kommune.no. Frist for påmelding er tysdag 31.1. kl 23

UKM er eit samarbeid mellom kulturavdelingane i Os og Fusa og kursopplegget er støtta av UKM-Norge.

UKM workshops - Klikk for stort bilete

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30