Skiturar
Det er preparerte skiløyper både på Holdhus og på Bygdastølen. Lysløypa på Holdhus er tilgjengeleg heile dagen og med lys på ettermiddag og kveld. Løypa er ca 3 km lang. Det er gratis parkering ved Holdhus oppvekstsenter.
Bygdastølen ski- og tursenter er blitt det store utfartsmålet i Fusa for idrett og friluftsliv i vinterhalvåret. Det er mykje snø i fjellet. Frå Heihiller kan du gå i terrenget innover fjellet eller i preparerte løyper ved langrennsanlegget. Ein rundtur i løypa er på ca 5,8 km. På Bygdastølen er det lys kvar kveld kl 18.00-21.30.
Bok og bading
Dersom vêret heller freistar til innandørsaktivitet, kan du ta deg ein tur i bassenget i Eikelandsosen eller på Fusa. Eller kanskje du heller vil gå på biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen og låna deg ei bok eller ein DVD? Sjå
opningstidene til Fusa folkebibliotek og
Fusa symjehall.
God vinterferie!