Aktuelt frå kommunen

Vinteraktivitet i Fusa

Kom-deg-ut dag - Klikk for stort bilete

Det er praktfullt vintervér i Fusa i desse dagar og fusingane veit å nyta det. Søndag var det mykje folk på "Kom deg ut dagen" til Barnas turlag på Bygdastølen og tysdag 6. februar er det klart for årets første lysløyperenn på Holdhus.

To lysløyper

Det er flotte løyper både i Bygdastølen tur- og skisenter og i rulleskiløypa på Holdhus. Det er lysløyper i begge anlegga slik at du kan nytta sein ettermiddag og kveld til skitur. Hugs at det er bomavgift på vegen til Bygdastølen. Nytt av året er at du kan vipsa betalinga. Sjå info.

Start på karusell

Det er Hålandsdal idrettslag som står som arrangør for lysløyperrennet på Holdhus. Arrangementet tysdag 6. februar er første renn i årets karusell. Sjå informasjon om påmelding og rennsstart.

Jubileum for DNT

Det store oppmøte på "Kom-deg-ut dagen" til Barnas turlag søndag, tyder på at fusingane gler seg over vinteren. Arrangementet til Barnas turlag var ei lokal markering av at Den norske turistforening (DNT) er 150 år i 2018.Lokallaget Fusa turlag med den populære undergruppa Barnas turlag, er ein av dei største frivillige organisasjonane i Fusa. Fusa kommune gratulerer med jubileet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30