Aktuelt frå kommunen

Vil verna skulane og privatisera barnehagane

Grønt oppvekstsenterGrønt oppvekstsenter

 

Formannskapet handsama i ekstramøte 13. mars (PDF, 359 kB) eventuelle endringar i skulestrukturen i Fusa for å spara pengar. Fleirtalet (SP, H og Frp) tilrår å freda skulestrukturen ut kommunestyreperioden. Det vert likevel ikkje ro rundt oppvekstsentra: For å prøva å spara pengar vil dei i staden privatisera barnehagane. Kommunestyret skal handsama saka i ekstramøte 20. mars (PDF, 565 kB). Sjå vedtak i formannskapet (PDF, 66 kB).

Sjå elles uttalane frå Ungdomsrådet og Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne.

Fusa kommune har 6 barnehagar: Jettegryto i Eikelandsosen, Trollskogen på Fusa, Søre Fusa på Baldersheim, og barnehagar på Holmefjord, på Holdhus og i Strandvik. Dei kommunale barnehagane har frå 14 til 44 barn. Alle dei kommunale barnehagane er i dag organisert i oppvekstsenter saman med skule og SFO og med felles einingsleiar.
 


I tillegg til dei kommunale er der ein privat barnehage i Fusa: Vinnes barnehage.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30