Aktuelt frå kommunen

Vil ha meir gang- og sykkelveg

Ved Skjelbreidvatnet - Klikk for stort bileteVed Skjelbreidvatnet Gunnar Hansen Detaljreguleringsplanane for deler av FV 552 mellom Fusa og Eikelandsosen er oppe til politisk godkjenning. Ungdomsrådet ønskjer meir gang- og sykkelveg både på denne vegstrekninga og andre sterkt trafikkerte strekningar som Eikelandsosen-Holdhus.

Fråsegn frå ungdomsrådet

Strekningane som er oppe til politisk godkjenning er Gjerdevik, Kvålsneset-Dorganeset og Lammaneset-Eikeland. Ungdomsrådet handsama detaljreguleringsplanane i sitt møte 23. april (PDF, 65 kB) og vedtok samrøystes følgjande fråsegn:

"Ungdomsrådet meiner det er positivt at det no ligg føre ein plan for gang- og sykkelsti på
vegstrekninga Eikelandsosen-Bergegrend, men denne skulle vore samanhengande og utvida
slik at ein hadde fått gang- og sykkelveg frå Eikelandsosen heilt til Fusa.

Ungdomsrådet etterlyser tiltak som kan betra trafikktryggleiken for mjuke trafikantar ved
Lammaneset, t.d. ved å setja ned farten til 60 km/t og/eller raslestriper og gangfelt på
vegskuldra.

Det blir viktig at det gode arbeidet blir følgd opp med planar for gang- og sykkelsti også for
strekninga Gjerdevik-Fusa og Eikelandsosen-Holdhus, som er dei neste områda som bør stå
for tur for nye større trafikksikringsprosjekt."

Kommunestyrevedtak

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i sakene om detaljreguleringsplanar for deler av FV 552 i sitt møte 7. mai (PDF, 2 MB). 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30