Aktuelt frå kommunen

Vil du hjelpa oss med å bli betre? Svar på spørjeundersøking!

Utsnitt av vevd teppe. Foto - Klikk for stort bilete

Måndag 8.10. gjekk det ut ei spørjeundersøking på SMS til innbyggjarane i Fusa. Vi ønskjer å vita meir om kva vi kan gjera for å gi deg endå betre service. Vi set stor pris på om du tek deg tid til å svara på denne undersøkinga om service i Fusa kommune. Fristen er 19.10. kl. 14.

Korleis vil du helst kontakta oss?

Det skal vera enkelt å få hjelp og svar i Fusa kommune, difor ønskjer vi å vita meir om kva du meiner om servicen vår. Korleis vel du å kontakta kommunen i dag? Brukar du digitale løysingar? Ringjer du sentralbordet vårt? Går du innom i Kommunetunet? Eller prøver du å nå oss på andre måtar?

Kva kan vi gjera for å gi deg endå betre service når vi blir Bjørnafjorden kommune?

Slik svarar du på spørjeundersøkinga

  • Du kan svara ved å klikka på lenka i SMS-en du mottek måndag.
  • Du kan svara på undersøkinga ved å klikka her.
  • Dersom du ønskjer å svara på undersøkinga på papir, kan du koma innom Kommunetunet i Eikelandsosen eller ringja oss på 56 58 01 00.

Har du spørsmål om undersøkinga? Ring oss på 56 58 01 00.

Har du ikkje fått SMS?

Då kan det henda at du ikkje er registrert i varslingssystemet vårt. Det kan vera fordi telefonen er registrert på arbeidsgjevar, fordi du har hemmeleg nummer eller fordi dei registrerte opplysningane er feil.

Hjelp for oss - premiesjansar for deg

Det er til stor hjelp om du tar deg tid til å svara på undersøkinga. Alle som svarer er med i trekkinga om fire gåvekort à kr 1000 frå Oseana kunst- og kultursenter. 

Svar innan fredag 19. oktober kl. 14.00.

På førehand tusen takk for hjelpa!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30