Aktuelt frå kommunen

Vil du bli støttekontakt?

Støttekontaktillustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete Kan du tenkja deg å bruka nokre timar i veka til å vera saman med nokon som treng det, på fritidsaktivitetar? Det handlar om å vera med på t.d. kino, bading, tur, kafé eller trening. Fusa kommune treng støttekontaktar til barn, unge og vaksne, som av ymse årsaker treng litt hjelp.

Både sosialtenesta og barneverntenesta i Fusa kommune har ledige oppdrag som støttekontakt/ fritidskontakt. Dei søkjer etter positive, trygge og imøtekomande personar over 18 år, som disponerer bil.

Oppdraga utgjer stort sett 8-12 timar i månaden, 2-3 timar i veka. Du og den du er støttekontakt for, kan nytta timane fleksibelt innan kalenderåret. Det er òg mogleg å kombinera fleire oppdrag, opplyser Synne Stagrim Håve frå Sosialtenesta og Norun T. Teigen frå Barneverntenesta. Du får løn for oppdraget. Å bidra til at andre får ei meiningsfull fritid, kan gje deg ei meiningsfull fritid, understrekar dei.

Ledige oppdrag

Noko for deg?

Dersom du ønskjer meir informasjon eller kan tenkja deg å verta støttekontakt, kan du ta kontakt med:

  • Sosialtenesta v/sosialkonsulent Synne Stagrim Håve på tlf 404 33 714 eller e-post Synne.Stagrim.Have@fusa.kommune.no
  • Barneverntenesta v/Norun T. Teigen på tlf. 56 58 01 75 / 488 93 665 eller e-post Norun.teigen@fusa.kommune.no 

Meir informasjon finn du òg på sida vår om støttekontaktordninga.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30