Aktuelt frå kommunen

Vil du bli flyktningeven?

Heidi Skår Dale og Knut Venge - Klikk for stort bileteHeidi Skår Dale og Knut Venge Vil du vera flyktningeven? Eller er du alt besøksven for flyktningar i Fusa og treng eit nettverk med andre engasjerte fusingar? Då må du stikka innom på "Besøksventreff" torsdag 11. mai kl 20.00 i Trivselstunet, bygget til Fusa vidaregåande skule.

Fusa har sidan hausten 2014 teke imot nær 70 flyktningar, frå vaksne til små barn. Dei har eit stort behov for å få koma i kontakt med folk i Fusa. Dei treng å bli kjend i kommunen vår og få eit nettverk i kvardagen. Du kan hjelpa til ved å melda deg som besøksven eller besøksfamilie, slik at våre nye fusingar får nokon dei kan ha regelmessig kontakt med til gjensidig glede.

Temakveld

Det blir invitert til temakveld  om det å vera besøksven torsdag 11. mai kl 20.00 i Trivselstunet, bygget til Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Målgruppa er både dei som alt er involverte i arbeidet og dei som kan tenka seg å bli engasjerte.Tema-kvelden er open for alle interesserte.

Mange unge

Inviter gjerne med deg nokon du kjenner som kan tenka seg å bli engasjert. Folk i alle aldrar kan vera med i dette arbeidet. Vi har mange ungdomar og unge vaksne blandt dei "nye" fusingane og dei har eit stort behov for å møta jamnaldrande i alderen 15-35 år.

Flyktningetenesta vil fortelja om behova for frivillige og snakka om kva det vil seia å vera flyktningeven. Vi vil dela erfaringar og opplevingar så langt, og gje kvarandre gode tips.


Ta kontakt 

Kontaktperson for besøksventenesta er fritidskoordinator Heidi Skår Dale, telefon 56580100, epost: heidi.skar.dale@fusa.kommune.no eller flyktningekonsulent Knut Venge telefon 40441635, epost: knut.venge@fusa.kommune.no.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30