Aktuelt frå kommunen

Vil du bli beredskapsvakt?

Beredskapsvakt for Røde Kors. Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bileteBeredskapsvakt for Røde Kors. Illustrasjonsfoto. Røde Kors

Fusa Røde Kors er på jakt etter beredskapsinteresserte. Kan du avsjå ein dag i året til Fusa Røde Kors? Det er alt Røde Kors ber om frå dei som forpliktar seg til å bli beredskapsvakt. Du får vita meir på informasjonsmøte i Kommunetunet 24. august.

Fusa Røde Kors og Fusa kommune har inngått ein samarbeidsavtale om beredskap. I samband med dette treng Røde Kors fleire frivillige beredskapsvakter, opplyser seksjonsleiar for beredskap i Hordaland Røde Kors Håkon Larsson-Fedde.

Kva oppgåver kan beredskapsvaktene utføra?

  • Transport og logistikk
  • Varsling, evakuering, og vakthald ved evakuerte område
  • Oppretting og drift av senter for evakuerte/senter for pårørande
  • Registrering på mottaks-/samleplassar, særleg omsorg for sårbare
  • Informasjonsteneste og forpleining m.m.

Kva eigenskapar er vi på jakt etter?

"Vi treng folk i alle aldrar som har eigenskapar som er nødvendige for å utføra ei eller fleire av oppgåvene som er lista opp ovanfor," fortel Larsson-Fedde. 

Kva forpliktar du deg til?

Beredskapsvakter i Røde Kors forpliktar seg til å delta på ein aktivitet i året. Dette kan vera å delta på kurs, informasjonskveld eller i ein beredskapssituasjon. Aktivitet utover dette er frivillig, understrekar Håkon Larsson-Fedde.

Kva kan Røde Kors tilby?

Alle som melder seg som frivillige beredskapsvakter, vil få tilbod om psykososialt førstehjelpskurs og ordinært førstehjelpskurs i regi av Hordaland Røde Kors. Ved interesse vil du få høve til å delta på andre kurs i Røde Kors.  

Eksempel på situasjonar som kan oppstå i Fusa: Langvarig bortfall av straum, uvêr, miljøkatastrofar, brann, trafikkulukker eller maritime hendingar.

Informasjonsmøte 24. august

Dersom dette høyrest interessant ut, er du hjarteleg velkommen til å delta på informasjonsmøte onsdag 24. august kl 18 i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Har du spørsmål om beredskapsvakttenesta til Røde Kors?

Ta kontakt med Håkon Larsson-Fedde i Hordaland Røde Kors

  • Telefon: 934 04 595
  • E-post: hakonlarsson.fedde@redcross.no 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30