Aktuelt frå kommunen

Vi i verda-arrangement på Eikelandsosen skule

Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-9 - Klikk for stort bilete

Måndag  31.oktober inviterte  Eikelandsosen skule til internasjonalt arrangement.

 

FNs bærekraftsmål og barnekonvensjonen 

I samband med internasjonale veker og FN-dag i oktober presenterte 5. trinn FN sin barnekonvensjon. Dei hadde laga flotte plakatar og hadde ein fin presentasjon for eit lydhørt publikum.

6. trinn fortalte om internasjonalt samarbeid, og om FN sine bærekraftsmål. Dette er 17 mål som alle dei 193 medlemslanda i FN er samde om å arbeida for. Måla skal vera innfridd i 2030. Elevane fortalte om måla, og om kva vi kan gjera lokalt – for dette arbeidet er alle sitt ansvar! Ein av elevane siterte FN sin generalsekretær Ban Ki Moon som sa: VI kan vera den første generasjonen som utryddar fattigdom –og den siste generasjonen som har høve til å stoppa klimaendringane. Til slutt fekk alle ei oppmoding om å lesa om bærekraftsmåla på plakatane eller på FN sine sider på Internett.


Syngjande skule

"Eikelandsosen skule er ein "Syngjande skule" (PDF, 118 kB) - ein av 31 skular på landsbasis. Skulen er ein av fem i skular i Hordaland. Ein syngjande skule forpliktar seg på at alle elevane får syngja minst ein gong kvar dag. Lærarane på skulen får kompetanseheving i emnet barn og song, og skulen har felles songsamling kvar veke. Elevane vart svært overraska då lærarane plutseleg drog i gong ein lærarkor-song!  Skulekoret debuterte med si første framføring og inviterte publikum med på å syngja  Morgendagens søsken og Sommerfuggel i vinterland. Maria L. Midtrød, som er nasjonal og lokal ressurslærar for "Syngjande skule" var musikalsk leiar. 


Vi-songen

"Vi er stolte av å ha representantar frå meir enn 12 nasjonar tilknytta skulen, anten som elevar, foreldre eller tilsette," seier rektor Kjersti Søvik.  Som avslutning på arrangementet song elevane på skulen Vi-songen: Vi er barn frå forskjellige land, som står saman og viser vi kan – skape samhald om vi bare vil! Ingen grenser for kva vi får til! 


Songen runga i mediateket. Dette gjev tru på framtida! 

Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-1 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-10 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-11 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-12 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-2 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-3 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-4 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-5 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-6 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-7 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-8 Vi i verda-arrangement Eikelandsosen-9
 

Vedlegg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30