Aktuelt frå kommunen

Vestlandshagen i Torsdagsakademiet

Vestlandshagen - utsnitt av bokomslag - Klikk for stort bilete

22. september kl 19.00 er det klart for det første Torsdagsakademiet i haust i Fusa folkebibliotek i Eikelandsosen. På programmet står biletforedrag ved Lisbeth Dreyer med utgangspunkt i boka "Vestlandshagen".

Praktbok

Lisbeth Dreyer er forfattar og filmskapar og bur på Holmefjord. Ho har reist på oppdagingsferd i vestlandske hagar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det resulterte i boka "Vestlandshagen", som kom ut i 2014. I denne praktboka tar ho oss med på ei stemningsfull vandring og ei fotografisk reise i hagekunst, lys og atmosfære.

Hageglede

Hagenettstaden Moseplassen.no seier dette om boka til Dreyer: 

"Noen hagebøker er faktabøker du kjøper for å lære, andre er ment for å drømme seg vekk i og la seg inspirere av. "Vestlandshagen" er så absolutt i den siste kategorien. En herlig bok som oser hageglede, og som får meg til å glede meg enda mer til hagen atter er grønn igjen."

Velkommen til ein inspirerande kveld i Fusa folkebibliotek 22. september klokka 19.00!

Inngangspengar: Kr 100.

Meir informasjon om Dreyer:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30