Aktuelt frå kommunen

Verkstad for betre levekår og helse for barn og unge

FusaFriskus-ill.kopi.jpg - Klikk for stort bilete

Fusa kommune hadde halvdags folkehelseminar med over 40 deltakarar den 20. september. Målet med samlinga var å finna fram til dei gode tiltaka som gjer det endå betre å vera barn eller ungdom i Fusa, og etterkvart i Bjørnafjorden. 

Seminaret er ei oppfølging av Fusa kommune sin rapport "Levekår og helse for barn og unge" (PDF, 4 MB), og dei utfordringane som framkjem i oppsummeringa.

Å betra levekår og helse for barn og unge er noko som krev tverrfagleg innsats og samarbeid. Forutan fagfolk frå Fusa kommune, deltok både lensmann og prest, representantar frå Fusa vidaregåande og frivilligsentralen og toppleiinga i Os kommune på idèverkstaden. 

Det vart arbeidd intensivt og godt i grupper på seminaret. Nokre av framlegga frå gruppene kan setjast i verk utan kostnad, andre krev meir ressursar. Einingane og rådmannen vil arbeida vidare med dei tiltaka og idèane som kom fram, og dei vil visa att i rådmannen sitt budsjettframlegg for 2019. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 24.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30