Aktuelt frå kommunen

Verdas poesidag

Plakat - Klikk for stort bilete

 Verdas poesidag vert laurdag 21. mars markert med internasjonal kafé i Kommunetunet, Eikelandosen. Her vert det framføring av tekstar frå fleire land og ulike språk. Det vert også eit møte med den lokale lyrikaren Ingvar Nistad.

21. mars er også FN sin internasjonale dag mot rasediskriminering og det vert ein kort appell om dette.

Det er internasjonal kafé med kaffimat frå ulike himmelstrøk. Ta gjerne med noko! Gratis inngang og gratis servering. Det vert film for barna. Programmet er i tid kl 12-14, men biblioteket vil halda ope kl 10-14 som vanleg.

Arrangør er flyktningetenesta i samarbeid med Fusa folkebibliotek, Fusa frivilligsentral og lokale lag og organisasjonar.

Plakat i full storleik - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30