Aktuelt frå kommunen

Verdas bokdag og velkomst til nye fusingar

Malala med boksitat - Klikk for stort bilete

Laurdag 23. april vert Verdas bokdag markert med kulturprogram og internasjonal kafé i Fusa folkebibliotek. Same føremiddag vert nye fusingar ønskt velkomne til Fusa av ordførar Atle Kvåle på Fjord'n senter. 

Ny i Fusa

Først ut er ein minikonsert med Natsja Smørholm og Idar Rolland på Fjord'n senter frå kl 10.45. Atle Kvåle held tale kl 11.00 for nye fusingar, både dei som har flytta til kommunen og dei som er komne til verda i 2015/2016.

Her vert det også eit innslag med babysong frå gruppa i kulturskulen "Sang fra livets begynnelse", der både born og foreldre deltek.  
Sjå plakat (PDF, 190 kB).

Verdas bokdag

Verdens bokdag-logo - Klikk for stort bilete

Fusa feirar "Verdas bokdag" laurdag 23. april med ein internasjonal kafé i biblioteket på Kommunetunet frå kl 12. For å vidareføre tradisjonen frå Barcelona vil biblioteket gje bort ei gratis bok frå boksalet til kvar gjest. Om de har ei favorittbok de ønskjer at fleire skal vita om, vert du oppfordra til å ta boka med og vise ho fram. Det vil også bli ein internasjonal bokquiz.

Alle vert oppfordra til å ta med kaffimat til eit langbord. 
Sjå plakat (PDF, 251 kB).

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30