Aktuelt frå kommunen

Ver varsam ved bålbrenning og grilling

Trygg bålbrenning - Klikk for stort bilete Det er finevêr og sesong for grilling og bål. Samtidig er det tørt i terrenget og skobrannfare. Brannsjef Gunnar Hatlelid oppmodar difor alle om å vera varsame og retta seg etter råda for trygg bålbrenning

Kva skal du passa på når du brenn bål?

Ved all brenning må ein visa aktsemd. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Her er nokre retningslinjer:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje har klede som lett tek fyr.
  • Sløkk alltid bålet forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Grilling

Ver svært varsam med bruk av eingongsgrill. Desse er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillar skal sløkkjast heilt med vatn og leggjast i eigen metallbehaldar etter bruk.

Bålpanner blir stadig meir populære. Hugs at du berre skal brenna tørr og rein ved, eller bruka grillkol, i bålpanna. 

Obs skogbrannfare

For å unngå å starta ein skogbrann: Hugs det generelle bålforbodet som gjeld mellom 15. april og 15. september. I denne perioden er det ikkje lov å gjera opp bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet.

Følg med på om det er fare for skogbrann der du bur. Sjekk varsel om skogbrannfare på yr.no.

  • Fusa følgjer skogbrannfareindeksen for Hordaland: Bergen > Florida målestasjon. 
  • Pass særleg på dersom det er varsla stor skogbrannfare = indeks på meir enn 60. 
  • Dei komande dagane er det varsla over 60.

Meir informasjon

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.05.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30