Aktuelt frå kommunen

Ver obs på styrtregn, skred- og flaumfare onsdag-torsdag

Vabrua på vegen til Markhus sett frå undersida. Flaumen vaska vekk brufestet under store deler av brua. - Klikk for stort bileteVabrua på vegen til Markhus sett frå undersida. Flaumen vaska vekk brufestet under store deler av brua. Øystein Havsgård

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for styrtregn i Fusa frå onsdag ettermiddag 28.08. til torsdag morgon 29.08. Samtidig melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om jord- og flaumskredfare på oransje nivå. Følg med på varsom.no og følg råd frå "Din beredskap".

Det er venta mykje regn og kraftige regnbyger frå onsdag kveld, lokalt opp mot 110 mm nedbør fram til torsdag føremiddag. Det kan koma opp mot 60 millimeter nedbør på tre timar. Det er usikkert både kvar nedbøren kjem og kor mykje, men siste prognosar viser at midtre strok av Hordaland kan vera mest utsette.

Korleis kan du førebu deg?

Som fleire i Fusa opplevde sist måndag, kan flaum føra til store øydeleggingar. Når flaumen er varsla på førehand, kan du førebu deg og avgrensa konsekvensane. 

Tips før ein ev. flaum:

  • Rydd hagen for lause gjenstandar.
  • Flytt eller sikra større gjenstandar som bil, båt eller campingvogn.
  • Rens takrenner, avløpsrøyr og slukar og hald vassvegar fri for sediment, boss, kvist og lauv.
  • Rydd verdiar og elektriske apparat opp frå kjellaren.
  • Lukk vindauge og dører godt til.
  • Hald deg unna elvar/bekkar med stor vassføring og bratte skråningar.
  • Unngå å køyra bil når du ikke treng det i område med raudt og oransje varsel. Vegar kan bli stengde pga. flaum og jordskred.
  • Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret.
  • Abonner på varsel frå varsom.no

Kva betyr flaum- og jordskredfare på oransje nivå?

Jordskred er utgliding og rask bevegelse av vassmetta jord i bratte skråningar. 

Flaumskred er ein flaum av vatn, jord og stein i bratte bekkeløp. Vatn på avvegar i bratt terreng som kan medføra endring av bekkeløp.

I følgje NVE si nasjonale varslingsteneste betyr oransje aktsemdsnivå for flaum- og jordskred ein alvorleg situasjon som hender sjeldan, krev beredskapsmessige førebuingar og kan medføra alvorlege skadar.

  • Det er fare for mange skredhendingar - nokre av dei kan få store konsekvensar.
  • Det er òg fare for omfattande flaum, erosjonsskadar og flaumskadar utsette stader.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30