Aktuelt frå kommunen

Ver obs på flaumfare

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Olaf Gjedrem

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaum- og jordskredfare på gult nivå i Fusa måndag og tysdag. Følg med på varsom.no og følg råd frå "Din beredskap"!

Kva betyr gult nivå?

I følgje NVE si nasjonale teneste for varsling av flaum, jord-, sørpe- og flaumskredfare vil gult aktsemdsnivå for flaum seia at det er fare for minst eitt av følgjande tilfelle:

  • Fare for lokal flaum og/eller erosjonsskadar pga raskt aukande vassføring i bekkar/småelvar osb.
  • Spesielt stor vassføring/vasstand for årstida.
  • Det er venta vassføring tett oppunder oransje nivå.
  • Det kan førekomma store flaumskadar og problem lokalt.

Korleis kan du førebu deg?

Flaum kan føra til store øydeleggingar. Dersom flaumen er varsla på førehand, kan du førebu deg og avgrensa konsekvensane. 

Tips før ein evt. flaum:

  • Rydd hagen for lause gjenstandar.
  • Flytt eller sikra større gjenstandar som båt eller campingvogn.
  • Rens takrenner, avløpsrøyr og sluk.
  • Rydd verdiar og elektriske apparat opp frå kjellaren.
  • Lukk vindauge og dører godt til.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30