Aktuelt frå kommunen

Vellukka folkehelseseminar

Folkehelseseminar - Klikk for stort bilete Sarifa Moola-Nærnes

Brei deltaking, variert program og engasjerte deltakarar prega folkehelseseminaret som Fusa kommune arrangerte den 28.4. på Skjelbreid Poirée i Hålandsdalen. Seminaret kunne realiserast takka vere midlar frå Hordaland fylkeskommune.

Lagarbeid

40 deltakarar frå kommunen, Fusa vidaregåande skule, Fusa idrettsråd, Fusa frivilligsentral og Vinnes barnehage var samla denne strålande dagen. Programmet starta med at Liv Grete Skjelbreid fortalde om kor viktig teamet er for topp prestasjonar innafor idretten. Rådmann Berit Fløisand følgde opp dette med å understreka at folkehelsearbeid er eit felles ansvar for alle tenesteområda i kommunen og at ein er avhengig av god samhandling. 

Innføring i folkehelsearbeid
 
Anne Mette Nesje Porten frå det fylkeskommunale folkehelseteamet ga ei teoretisk innføring i folkehelsearbeid og påpeikte kor viktig samarbeidet med lag og organisasjonar er i folkehelsearbeidet. Folkehelsekoordinator Jens Harald Garden ga døme på korleis Askøy kommune arbeider systematisk med folkehelse.  
 
Folkehelsearbeid i Fusa
 
Det vart òg presentert fleire lokale døme. Bodil Samnøy frå Fusa frivilligsentral fortalde om deira folkehelsearbeid og Anne-Merete M. Hellebø viste koplinga mellom skulen sin føremålsparagraf og folkehelsearbeidet. Stian Kvam fortalde om universell utforming av kommunale bygg, og Gunnar Hatlelid om det brannførebyggjande arbeidet i kommunen. Korleis har ein tenkt folkehelse inn i arealplanen? Turstiprosjektet, Fusa-i-farten og samarbeidet med Fusa idrettsråd om idrettsskule for menneske med nedsett funksjonsevne stod òg på lista over lokale døme.
 
Fysisk aktivitet
 
I tillegg til anna program, fekk deltakarane også testa eige mot og grenser i ei luftig balanseløype og eit 400 meter langt svev i wirebanen på senteret.  
 

Innlegga frå seminaret vert publiserte på eiga side saman med fleire foto etter kvart.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 29.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30