Aktuelt frå kommunen

Vellukka dagar med Fusanisto

Fusanisto på Engevik gaard - Klikk for stort bilete

Fusanisto er vårens vakraste eventyr i Fusa. 5. klassingane har vore husmann for ein dag på Vinnesholmen, medan 6. klasse har vore på Engevik gaard og lært seg opp på dansketid og prøvd millitær eksersis! 

Fusanisto er anleisne skuledagar. Det er aktiv formidling av tradisjonar og historie gjennom praktisk øving og erfaring, kombinert med foredrag, på ulike stader kringom i Fusa. 

Husmann for ein dag

27. april var det aktivitetsdag i Vinnesholmen. Her fekk 5. klassingane i heile Fusa inngåande kjennskap til livet til ein husmannsfamilie på 1800-talet. Dei fekk prøva å mjelka ku, kinna smør, koka graut og steika surmjelkslappar. I skogen var det vedhogst med sag og øks og ved sjøden fekk ein læra å ro.

Ny uniformering

10. mai var det 6. klassingane som fekk reisa til Engevik gaard. Nytt av året var at elevane fekk øva på millitær eksersis med uniform. Elevane var ivrige og det var lettare å gå i takt med uniformering! Elles fekk elevane laga våpenskjold. I år kunne dei velga mellom sitt eige slektsskjold og nytt kommunevåpen for ny og større kommune. I hagen var det krokettduellar og elevane fekk omvising av verten på Engevik gaard Lars Johan Ditmarsen.

Sommarpause

Dette er veldig kjekke dagar og det er berre gode tilbakemeldingar å få. Ein stor takk til dugnadsgjengen og samarbeidspartnarane. No tek Fusanisto sommarpuse før det er fornminnedagar på Samnøy og i Strandvik, og besøk på Eidegrend klyngjetun like over ferien. I tillegg skal 7. klassingane i haust til Hålandsdalen leirskole med ei heil veke med aktivitetar. God sommar!

Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EV Fotograf: EV Fotograf: EMBV Fotograf: EV Fotograf: EMBV
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30