Aktuelt frå kommunen

Velkommen til skulestart måndag 17. august 2015!

Arkivfoto Fusa skule - Klikk for stort bileteArkivfoto Fusa skule

Måndag startar det nye skuleåret 2015-2016 for 554 elevar på oppvekstsentra i Fusa og på Fusa ungdomsskule. Ekstra spente er nok dei 26 nye 1. klassingane. Fusa kommune og einingsleiar for Undervisning Anne-Merete M. Hellebø ønskjer elevar, føresette og dei vaksne som jobbar ved skulane velkommen til eit nytt skuleår! 

Helsing frå einingsleiar for Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø:

August er her, og snart vil tomme skulebygg fyllast av elevar og tilsette som er klare for eit nytt skuleår! I året som kjem skal elevane rekna, skriva, reflektera og vurdera. Dei skal teikna, dansa, springa og syngja. Dei skal samarbeida for å løysa oppgåver saman, og dei vil erfara at ved å jobba saman med andre, kan dei skapa noko som er større enn dei sjølve.
 
I rapporten "Fremtidens skole" (NOU2015:8) vert det peika på at framtida treng at dagens elevar vert stimulerte til å utforska og skapa saman med andre gjennom kommunikasjon og samhandling. Verda vi lever i er i stadig endring, det som var aktuelt i går, er gjerne ikkje det i morgon. Slik er det òg med kunnskap. Derfor peiker rapporten òg på at elevane treng å "lære seg å lære", fordi framtidas samfunn vil ha bruk for menneske som raskt kan tileigna seg ny kunnskap.
 
Skulane i Fusa kommune gjer eit viktig arbeid for at elevane skal læra og utvikla seg for å meistra liva sine i framtidas samfunn. Dei vaksne på skulane jobbar saman på tvers av skular og skuleslag for å utvikla felles kunnskap og kultur for korleis vi jobbar for at elevane skal utvikla dugleik som dei treng. Slik er skulane i Fusa lærande organisasjonar som heile tida utviklar seg for å gje det beste tilbodet til alle elevar som går på skulen i Fusa kommune.
 
Foreldra er skulen sin viktigaste samarbeidspartnar. I heimen utviklar elevane haldningar til læraren sin og skulen generelt. Snakkar dei vaksne vel om skulen heime, vil eleven tenkja vel om skulen, og viser foreldre at dei prioriterer skulen, vil eleven gjerne gjera det same.
 
Lat oss alle, både tilsette i skulen og foreldre, jobba saman for ei god opplæring for alle barn i Fusa. Saman eig vi krafta som skal til for å stimulera til vekst og læring for notida og framtida!
 
Vel møtt til eit nytt skuleår!
 

Meir informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30