Aktuelt frå kommunen

Velkommen til opplæring i aktivitetskalenderen Friskus!

Friskuslogo - Klikk for stort bilete Måndag 18. november inviterer Bjørnafjorden kommune lag og organisasjonar til innføring i bruk av aktivitetskalenderen Friskus. Der kan du marknadsføra aktivitetar og arrangement, og rekruttera frivillige til ulike oppdrag.

Opplæring i bruk av aktivitetskalenderen Friskus for lag og organisasjonar:

  • Tid: Måndag 18. november 2019, kl. 15 - 18
  • Stad: Kommunestyresalen, Os rådhus

Bjørnafjorden kommune har kjøpt Friskus, slik at lag og organisasjonar kan bruka verktøyet heilt gratis. Dette er eit tilbod som vi trur og håpar vil vera til nytte og glede for både innbyggarane og heile den frivillige sektoren i Bjørnafjorden kommune.

Målet er å samla alt som skjer i Bjørnafjorden kommune på éin stad, slik at det er lett for innbyggarane våre å få oversikt over alle dei ulike tilboda i den nye kommunen - i tillegg til å gjera det enklare for alle eldsjelene der ute å administrera og skaffa mannskap til aktivitetane.

Her kan du sjå korleis aktivitetskalenderen Friskus ser ut for Bjørnafjorden kommune i dag.

Aktivitetskalenderen Friskus:

  • Alt som skjer i Bjørnafjorden - samla på éin stad!
  • Enkelt å administrera arrangement for lag og organisasjonar
  • Arrangementet ditt blir synleg for mange
  • Rekrutter frivillige til oppdrag gjennom Friskus

Opplæring og bruk av aktivitetskalenderen Friskus er gratis for lag og organisasjonar. 

Ta med

  • berbar PC, nettbrett eller mobil.

Påmelding

Påmelding innan 15. november 2019 til

  • Tove Hille, e-post: thh@os-ho.kommune.no eller
  • Bjørg A. Sjøbø, e-post: bjas@os-ho.kommune.no
Velkommen!

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30