Aktuelt frå kommunen

Velkommen til nytt skuleår 2019-2020!

Arkivfoto - Klikk for stort bileteArkivfoto

Torsdag 15. august startar det nye skuleåret for barneskuleelevane i Fusa. Fusa ungdomsskule startar måndag 19. august. Ekstra spente er nok dei nye 1. klassingane. Fusa kommune ønskjer elevar, føresette og dei vaksne som jobbar ved skulane, velkommen til eit nytt skuleår! Meir informasjon finn du i denne helsinga frå assisterande fagsjef for skule Janne M. E. Eik.

Ny start

Ferien er snart over, og vi går inn i eit spanande år. Det er alltid knytt forventningar til ein ny start – både for dei som startar på skulen for fyrste gong og for dei som har vore der ei stund. Om ein startar på 4. årstrinn eller 9. årstrinn er det alltid forventningar til det. Nytt klasserom? Nye bøker, nye lærarar? Berre det å møta att klassekameratane er viktig. For lærarane er det kjekt å møta elevane og kollegaene att.

Ny ungdomsskule og fleirbrukshall

I år skal Fusa kommune opna ny ungdomsskule. For elevane og dei tilsette blir dette eit stort løft som vi har sett fram til i lang tid. For eit flott bygg! Lyse og luftige areal, ny teknologi, ny kantine, nytt amfi – ja, det blir verkeleg flott!

Ny idrettshall ligg også og ventar på at ivrige born (og vaksne) skal ta han i bruk. Vi gler oss til mykje variert aktivitet i den nye hallen.

Denne hausten vil rektorane få eit tettare samarbeid med Os, og ved nyttår blir vi Bjørnafjorden kommune.

Kva vil fusaskulane fokusera på?

Skulane i Fusa kommune held fram med å ha fokus på utviklingsarbeid, sikra god tilrettelegging for elevane og skapa eit godt psykososialt miljø for alle. Stortinget har frå 01.08.2018 vedteke endringar i opplæringslova som inneber blant anna at skulen skal sørgja for at elevar på 1.-4. trinn som står i fare for å hengja etter i lesing, skriving eller rekning, raskt skal få tilbod om intensiv opplæring. 

Kommunen jobbar vidare med to utviklingsarbeid, Vurdering for læring og realfagsatsinga. Desse satsingane vil vera med på å styrka opplæringa. Vurdering for læring er godt i gang, og elevane vil merka at lærarane kjem med nye metodar og aktivitetar, slik at både eleven og læraren blir meir medviten om kva ein skal læra, kvifor ein skal læra og kva ein har lært. Elevane skal få vurdera sitt eige arbeid ut frå gitte kriterium. I realfagsatsinga vil vi strukturera arbeidet som allereie blir gjort i matematikk og naturfag. Det er ei ressursgruppe blant lærarane som jobbar med dette. Vidare skal vi sikra at alle elevane får lik fagleg plattform frå barnehage til barneskule og frå barnskule til ungdomsskule. Vi skal grubla og undra oss saman.

Trygt og godt skulemiljø

Kapittel 9 A i opplæringslova handlar om elevane sitt skulemiljø. § 9a–4 har følgjande tittel: "Aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø".

Denne plikta er ein stor del av arbeidet i skulen. Samstundes som ein skal læra i alle fag, skal ein også vera trygg og ha det godt på skulen. Alle på skulen har eit ekstra ansvar for at skulemiljøet skal bli ein god arena. Eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein viktig faktor i dette arbeidet. Det må vera låg terskel for å ta kontakt, både for heim og skule.

Velkommen til nytt skuleår

Torsdag 15. august 2019 startar det nye skuleåret 2019-2020 for elevane i dei offentlege barneskulane i Fusa kommune.

Første skuledag for elevane på Fusa ungdomsskule blir måndag 19. august.

Vi har også i år fått nokre nye lærarar som skal bli kjent med kommunen, skulen, nye kollegaer og ikkje minst elevane. Ta vel i mot dei.

Til å leia elevane og dei tilsette i skulane har kommunen ein flott bukett rektorar:

  • Fusa skule: Britt-Mari Gjerde
  • Søre Fusa skule: Vivi Irene Fosse
  • Nore Fusa skule: Martin Haugen
  • Eikelandsosen skule: Kjersti Søvik (+ ass. rektor Olav Aarvik)
  • Fusa ungdomsskule: Maylin Torgilstveit (+ inspektør Arild Matland og Thor Magne Liljeroos-Sandal)

Eg vil ynskja alle lukke til med skulestarten og arbeidet som kjem denne hausten.

Helsing frå Janne M. E. Eik, ass. fagsjef skule

Nyttig informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30