Aktuelt frå kommunen

Velkommen til nytt skuleår 2018-2019!

Arkivfoto - Klikk for stort bilete M. Haugen

Onsdag 15. august startar det nye skuleåret for grunnskuleelevane i Fusa. Ekstra spente er nok dei nye 1. klassingane. Fusa kommune ønskjer elevar, føresette og dei vaksne som jobbar ved skulane, velkommen til eit nytt skuleår! Meir informasjon finn du i denne helsinga frå skulefagleg rådgjevar Janne Eik.

Velkommen til nytt skuleår!

Sommarferie med sol, sjøaktivitetar og sanking av gode minne! Sommaren har vore unik, Noreg har vist seg fram frå si aller beste side. Vi er heldige som bur i eit trygt land og i trygge bygder, med gode forhold for både rekreasjon i fjell og skog, men også med tilgang på sjø og badeliv. Eg vonar at alle har samla gode minne som de tek med dykk inn i haustmørkret. No er kvardagen her – tidlege morgonar og mange aktivitetar som skal fylla vekene. Eg gler meg til ein innhaldsrik haust!

Kva vil fusaskulane fokusera på?

Fokuset i skulen vil vera utviklingsarbeid, sikra god tilrettelegging for elevane og skapa eit godt psykososialt miljø for alle.

Stortinget har frå 01.08.2018 vedteke endringar i opplæringslova som mellom anna inneber at skulen skal sørgja for at elevar på 1.-4.trinn som står i fare for å hengja etter i lesing, skriving eller rekning, raskt skal få tilbod om intensiv opplæring.

Fusa kommune skal inn i to utviklingsarbeid: "Vurdering for læring" og realfagsatsinga. Desse satsingane vil vera med på å styrkja opplæringa. 

Kva skal vi læra - og kvifor?

"Vurdering for læring" blir starta opp no i haust. Elevane vil merka at lærarane kjem med nye metodar og aktivitetar, slik at både elevar og lærarar blir meir medvitne om kva dei skal læra, kvifor dei skal læra og kva dei har lært. Elevane skal få vurdera sitt eige arbeid ut frå gitte kriterium. Det blir ei spanande reise for alle.

Vi skal grubla og undra oss saman

Etter nyttår kjem realfagsatsinga meir på programmet. Her vil vi strukturera arbeidet som allereie blir gjort i matematikk og naturfag. Det blir ei ressursgruppe blant lærarane som skal jobba med dette.

Vidare skal vi sikra at alle elevane får lik fagleg plattform frå barnehage til barneskule, og frå barnskule til ungdomsskule. Vi skal grubla og undra oss saman.

Godt skulemiljø

Kapittel 9 A i opplæringslova handlar om elevane sitt skulemiljø. I §9a – 4 er det slått fast "Aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø". 

Denne plikta er ein stor del av arbeidet i skulen. Samstundes som elevane skal læra i alle fag, skal dei også vera trygge og ha det godt på skulen. Alle på skulen har eit ekstra ansvar for at skulemiljøet skal bli ein god arena. Eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein viktig faktor i dette arbeidet. Det må vera låg terskel for å ta kontakt, både for heim og skule.

Lukke til med skulestarten!

Onsdag 15. august startar det nye skuleåret 2018-2019 for om lag 400 elevar i dei offentlege skulane i Fusa kommune. Dette er ein dag med mange kjensler, både for dei som startar opp for første gong, men også for dei som har vore i tralten i mange år.

Ekstra spente er nok dei nye 1. klassingane, og kanskje det er nettopp desse små 5-6-åringane som veit å visa kjensla på ein naturleg måte.

Lærarane har også forventningar til det nye året. Dei planlegg og førebur seg på best mogleg måte, slik at alle elevane skal få det beste tilbodet innan undervisning. I Fusa kommune har vi i år fått mange nye lærarar som skal bli kjende med kommunen, skulen, nye kollegaer og ikkje minst elevane. Ta vel i mot dei.

Eg vil ynskja alle lukka til med skulestarten og arbeidet som kjem denne hausten!

Helsing frå skulefagleg rådgjevar i Fusa kommune, Janne Eik

Nyttig informasjon:

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30