Aktuelt frå kommunen

Velkommen til nytt skuleår 2016-2017!

Arkivfoto - Klikk for stort bileteArkivfoto Torsdag 18. august startar det nye skuleåret 2016-2017 for 420 elevar på Fusa ungdomsskule og på dei kommunale barneskulane i Fusa. Ekstra spente er nok dei 29 nye 1. klassingane. Fusa kommune ønskjer elevar, føresette og dei vaksne som jobbar ved skulane velkommen til eit nytt skuleår!

I tillegg kjem elevane ved dei tre private barneskulane, som har eigne nettsider (sjå nedanfor).

Helsing frå einingsleiar for Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø:

Eit nytt skuleår er i gang, og tomme skulebygg er atter fylt med små og store, latter, liv og læring! I året som kjem skal elevane utvikla seg og læra, fordjupa seg og samarbeida, og dei vil erfara at ved å jobba saman med andre, kan dei skapa noko som er større enn dei sjølve.

Endring og fornying

Stortingsmelding nr. 28 "Fag - fordypning - forståelse" varslar ei fornying av Kunnskapsløftet, forskrifta som presiserer kva elevane skal læra. Faga i skulen skal fornyast for å gje elevane djupare læring og betre forståing. I tillegg vil fornyinga vektleggja skulen sitt breie danningsoppdrag, der respekt, likeverd, toleranse og demokrati er viktige stikkord. Verda vi lever i er i stadig endring, det som var aktuelt i går, er gjerne ikkje det i morgon. Slik er det òg med kunnskap. Derfor peiker meldinga òg på at elevane treng å "lære seg å lære", fordi framtidas samfunn vil ha bruk for menneske som raskt kan tileigna seg ny kunnskap.

Utvikling

Skulane i Fusa kommune gjer eit viktig arbeid for at elevane skal læra og utvikla seg for å meistra liva sine i framtidas samfunn. Dei vaksne på skulane jobbar saman på tvers av skular og skuleslag for å utvikla felles kunnskap og kultur for korleis vi jobbar, for at elevane skal utvikla dugleik som dei treng. Slik er skulane i Fusa lærande organisasjonar som heile tida utviklar seg for å gje det beste tilbodet til alle elevar som går på skulen i Fusa kommune.

Samarbeid heim-skule

Foreldra er skulen sin viktigaste samarbeidspartnar. I heimen utviklar elevane haldningar til læraren sin og skulen generelt. Snakkar dei vaksne vel om skulen heime, vil eleven tenkja vel om skulen, og viser foreldre at dei prioriterer skulen, vil eleven gjerne gjera det same.

Lat oss alle, både tilsette i skulen og foreldre, jobba saman for ei god opplæring for alle barn i Fusa. Saman eig vi krafta som skal til for å stimulera til vekst og læring for notida og framtida!

Vel møtt til eit nytt skuleår!

Nyttig informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30