Aktuelt frå kommunen

Velkommen til markering av eldredagen 2015!

Logo for FN sin internasjonale eldredag - Klikk for stort bilete

I år markerer FN dei eldre sin dag 1. oktober for 25. gong. I Fusa vert dagen markert med eit arrangement i Eikelandsosen bedehus dagen før dagen - onsdag 30. september kl 17.  

Halvdan Eikeland kåserer på M/S Midthordland 2014 - Klikk for stort bileteHalvdan Eikeland kåserer på M/S Midthordland 2014 Erik Vangsnes

 

Det er 70-årsjubileum for fredsslutninga etter andre verdskrig i år, og dette er i fokus også på eldredagen i Fusa. Professor emeritus Halvdan Eikeland held føredrag om Noreg under 2. verdskrigen: Kva lærte me om 2. verdskrigen då eg gjekk i skulen? Kva lærer barna om krigen i dag?

Det vert elles både korsong ved Strandvik blandakor og allsong, loddsal og matøkt.

Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne er arrangør i samarbeid med Fusa senioruniversitet. Inngangspenger: kr 200, for medlemer av senioruniversitetet: kr 150.

Komitéen ønskjer alle interesserte hjarteleg velkommen!

Snarveg:

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 29.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30