Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik A. Thorsen
Velkommen til den nye heimesida! fotograf Fredrik A. Thorsen

Velkommen til den nye heimesida vår!

Me ønskjer å tilby deg meir sjølvbetening, større tenestefokus og innsyn i offentlege saker. Du får framleis nyhende på framsida vår, og du kan søkja i den historiske biletsamlinga. Sida er pakka inn i Fusa kommune sin nye grafiske profil.

Sjølvbetening

Me startar med nokre utvalde elektroniske skjema og utvidar etter kvart som me gjer oss erfaringar med nyvinninga.

Du finn framleis ein del skjema i PDF-format, som du anten kan fylla ut digitalt og senda pr e-post eller skriva ut og senda som brev til Fusa kommune.


Innsyn

Om litt kjem postlistene til Fusa kommune til å bli publiserte på heimesida. Etter kvart skal publikum også kunna følgja saker og få innsyn i dokument. Denne løysinga er enno ikkje klar.


Tenestefokus

Presentasjonen av tenestene våre er knytt til 15 hovudtema, som omfattar alle offentlege tenester. Dette er ein standardisert måte å presentera statlege og kommunale tenester på, som er utvikla av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Du kan lesa meir om dette på sida "Tenester".


Grafisk profil

GROM design har utvikla Fusa kommune sin nye grafiske profil. Dei har også hatt hand om designet på heimesideportalen. Du kan finna meir om den visuelle profilen i nedremenyen på framsida vår.

Me håpar du finn den informasjonen du leitar etter på den nye heimesideportalen vår. Bruk søkefunksjonen og Alle tenester A-Å.

Me er takksame for tilbakemeldingar og tips til korleis sida kan bli enno betre.

Publisert av EMBV. Sist endra 14.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30