Aktuelt frå kommunen

Vegstenging Brakabygdvegen/Stallabrotvegen

Skilt utforma som kvit trekant med raud kant og svart ropeteikn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete På grunn av gravearbeid i Brakabygdvegen mellom Jettegryto barnehage og idrettsplassen i Eikelandsosen, vert vegen stengt i veke 32 og 33. I periodar kan det òg verta stengt i Stallabrotvegen. Det vert skilta med omkøyring. Anleggsarbeidet har samband med bygginga av fleirbrukshall. 

Jettegryto barnehage

Omkøyring til Jettegryto barnehage er via skuleområdet ungdomsskulen/Eikelandsosen skule. Om nødvendig må parkeringsplassen ved samfunnshuset nyttast ved levering og henting i barnehagen.

Fleirbrukshall

Meir informasjon om anleggesarbeidet i samband med bygginga av fleirbrukshall følgjer med det første. Entreprenør for grunnarbeid og vegomlegging er Kjosås maskin.

Kontaktpersonar for vegstenginga

  • Tore Eiken - 907 83 936
  • Ranveig Næss - 992 63 319

Vegstenging Jettegryto - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30