Aktuelt frå kommunen

Vegnamn for Hålandsdalen og søre del av Fusa

Namneskilt for Fusavegen - Klikk for stort bilete

Fusa kommunestyre har vedteke nye vegnamn (PDF, 196 kB) for vegane i Hålandsdalen og søre del av kommunen. Presise vegnamn og bustadadresser er viktige både for brann- og helseberedskap og av omsyn til logistikk elles.

Vedtaket er heimla i Lov om stadnamn § 5.

Adressering i tre deler

Fusa kommune byrja arbeidet med adressering mot slutten av 1990-talet. Første delprosjekt var adressering av nordre del av kommunen til Koldalselva. Her vart vegnamn vedtekne i kommunestyret i 1999. Andre delprosjekt tok for seg Eikelandsosen frå Koldalselva og Fusa halvøya med namnevedtak i 2007. Tredje og siste del av adresseringa gjeld i hovudsak Holdhus skulekrins og Søre Fusa skulekrins.

Beredskap og logistikk

Statens kartverk har hatt som mål at heile landet skulle vera ferdig med adresseringsarbeidet innan utgangen av 2014. Det er eit sterkt ønske frå ulike adressebrukarar, frå brann og redning til posten, at det vert sett i gang vegadresseringsprosjekt i kommunane. Det er heilt nødvendig med vegnamn og bustadadresser både av omsyn til tryggleik/beredskap og god logistikk, og for å ha ein effektiv og moderne infrastruktur. Målet er å fullføra adresseringsarbeidet i Fusa kommune innan utgangen av 2015.

Del tre

Området for adressering går i denne omgang frå sentrum av Eikelandsosen mot Mundheimsdalen, grense mot Kvam herad, og sørover til Lukksund, og omfattar i sin heilskap skulekrinsane Hålandsdalen og Søre Fusa. I tillegg gjeld adresseringa fv 48 frå 0-punkt i Eikelandsosen til Hålandsdalen og ein vegstump i Kvinnherad på fv 121 mellom Sundvor og Lukksund. Nytt namn på veg til hyttefelt på Ådland - Lauvfjellet - har også vore til høyring. 

Sentrale retningsliner

Adressearbeidet følgjer opp sentralt lovverk og prinsippa i Kartverket sin adresserettleiar og handbok. Når ein lagar ein plan for vegparsellar er det fleire omsyn å ta. Adressesystemet skal vera enkelt og funksjonelt slik at publikum finn fram. I Statens kartverk sin «Rettleiar for adressering» er det lista opp fleire faktorar som ein må vurdera når ein skal ta stilling til om ein veg skal få eige vegnamn:

  • Ein må ta høgde for framtidige behov for adresser
  • Er sidevegen meir enn 2 km?
  • Er det meir enn 2-4 adresseeiningar i spreiddbygd område?
  • Kor lang er hovudvegen?

I rettleiaren frå kartverket er det lagt vekt på at namnebruken skal vera variert og «bygge på og føre videre den lokale navnetradisjonen».

Stort engasjement

Det vart først halde folkemøte for å informera om adresseringsprosjektet og få innspel til vegnamn. Det vart så utarbeidd eit framlegg til vegparsellar og vegnamn, som har lege ute til offentleg ettersyn med høyringsfrist 5. mai. Det kom inn 26 uttalar med framlegg til endringar, både i namneformer og i inndelinga av adresseparsellar.

Framlegget vart òg sendt Stadnamnstenesta i Språkrådet, som hjelper kommunane med å kvalitetssikra namnebruken. Stadnamnstenesta skal etter § 6 i Lov om Stadnamn uttala seg og gje råd og rettleiing om skrivemåten i alle saker som gjeld fastsetjing av nye stadnamn.

Dei vedtekne vegnamna er sende til kartverket for godkjenning. 

Vegen vidare

Neste del av prosjektet er tildeling av husnummer og oppsetjing av vegskilt. Dette vert det arbeidd med etter sommarferien. Huseigarane i gjeldande område kan ikkje rekna med å få vedtaksbrev med tildelt husnummer før i november. 

Kontaktperson:

  • Hildegunn Øpstad - e-post: hop@fusa.kommune.no, tlf: 56 58 01 05
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30