Aktuelt frå kommunen

Vegane er køyrbare i Hålandsdalen, arbeid i gang på Markhusvegen

Marhusvegen dagen etter flaumen. Dronefoto. - Klikk for stort bileteMarhusvegen dagen etter flaumen. Dronefoto. Knut Revne Dei kommunale vegane til Berge, Tveitnes og Teigland er køyrbare etter flaumen måndag. På Markhusvegen må det først monterast ei stålbru før vi kan koma oss oppover med utstyr og massar, opplyser einingsleiar Teknisk drift Øystein Havsgård.

 

 

Markhusvegen

300-400 meter frå fylkesvegen på Sandal i Sævareid kryssar den kommunale vegen til Markhus elva. Her har vassmassane teke med seg nesten heile brufestet på eine sida av Vabrua. Det er såleis uråd å passera brua med tunge maskiner. 

"Vi er lova ei stålbru frå Statens vegvesen rundt midten av neste veke," opplyser Øystein Havsgård. Først etter at den er montert, kjem kommunen sine folk seg vidare oppover mot Markhus med anleggsutstyr og massar. For å få vegen i køyrbar stand att, må det tilførast massar andre stader frå. Det vil såleis framleis ta noko tid.

NVE-synfaring

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kjem på synfaring på Markhusvegen 29. august. Dei vil gje råd både til kommunen og til grunneigarar. 

Køyrbart i Øvre Hålandsdal

Dei kommunale vegane som var ramma av flaum i Øvre Hålandsdal - til Berge/Berlandstveit, Tveitnes og Teigland - er no køyrbare. Havsgård opplyser at dei har prioritert å gjera det køyrtbart. Det vil ta lenger tid å få desse vegane tilbake til vanleg standard. 

Dronefoto tatt 20.08.2019 | Fotograf: Knut Revne Dronefoto 20.09.2019. | Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Fotograf: Knut Revne Vabrua på vegen til Markhus sett frå undersida. Flaumen vaska vekk brufestet under store deler av brua. | Fotograf: Øystein Havsgård
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30