Aktuelt frå kommunen

Våt og flott leirskuleveke i Hålandsdalen

Padling leirskulen september 2018 - Klikk for stort bilete Hålandsdalen leirskole Sist veke var alle 7. klassingane i Fusa på leirskule i Hålandsdalen. "Fusaveko" markerer slutten på aktivitetane i det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto" for dette årskullet. Samtidig er leirskuleveka den siste Fusanisto-aktiviteten i 2018. Takk for i år til alle gode medhjelparar, lærarar og elevar!

Fusanisto-året

Vi starta i vår med husmannsdag i Vinnesholmen for alle 5. klassingane i Fusa 26. april. Elevane fekk prøva seg som husmenn for ein dag. Dei fekk kjenna på kroppen at det var eit anstrengande liv, der dei måtte bruka kroppen for å greia alle oppgåvene som skulle gjerast. Dei rodde på Vinnessundet, mjølka ku, bar høybør, hogde og saga ved, bar ved i kiper, kinna smør, koka vassgraut, steikte lappar og prøvde seg på leikar frå "før i tio".

16. mai var alle 6. klassingane på Engevik Gard, der dei lærde om dansketida i Fusa og vegen fram til eiga grunnlov og 17. maifeiring. På den gamle offisersgarden frå 1700-talet fekk dei prøva seg på militær eksersis. Dei spela krokket, teikna seg våpenskjold og fekk omvising både i husa på garden og til jettegrytene i området.

I haust har 6. klassingane besøkt Eidegrend klyngjetun, der dei har lært om byggeskikk og livet på ein gard i "gamledagar". Dei har baka flatbrød og tova eple, bygd modellhus i laft og grindverk, fått omvising i tunet og utforska Eidegrend og historien til det som var kommunesenter i Hålandsdalen i vel 50 år.

Instruktørar frå Hordamuseet har lært 4. og 5. klassingane om fornminne, frå steinalder til bronsealder på Samnøy, og frå jarnalder til vikingtid i Strandvik.

Sist veke var turen komen til 7. klassingane og den spennande Fusaveko på Hålandsdalen leirskole. Les meir om den på leirskulen si heimeside.

Takk for i år!

Fusa kommune vil retta ei stor takk til alle dei gode medhjelparane vår som gjer at vi kan avvikla Fusanisto kvart år. Takk dei dei som opnar tuna sine for oss! Stor takk til Bergen kommune sin leirskule som let fusaelevane få ei spesialveke i Hålandsdalen! Og ikkje minst takk til alle dei positive og entusiastiske elevane og lærarane som deltek på Fusanisto i all slags vêr og vågar seg i kast med mange nye utfordringar.

Sjå foto frå Fusanisto 2018!

Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Eidegrend klyngjetun Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Elevane teikna seg våpenskjold på Engevik Gard Fotograf: EMBV Hendingane i 1814 Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Fotograf: EMBV På oppdagingsferd i Eidegrend klyngjetun Tausastovo i Eidegrend klyngjetun Fotograf: Camilla Kvamme, OFP Fotograf: EMBV
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30