Aktuelt frå kommunen

Vassmålaravlesing på SMS

Vassmålar - Klikk for stort bilete

For å effektivisera innsamlinga av vassmålaravlesningar i samsvar med forskrift og regulativ tar Fusa kommune i bruk SMS-varsling. 

Varsel og svar på SMS

Varsel vil bli sendt på SMS til din mobiltelefon i dei tilfella der vi har registrert nummeret ditt eller at du har registrert deg i offentlege register. Du kan då melda tilbake vassmålarstand per SMS.

Varslingssystemet er integrert i vårt fagsystem for kommunale eigedomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsla rett person for kvar eigedom. Vi varslar eigarrepresentant og/eller rekningsmottakar, eller kontaktperson med knytning til eigedomen.
 
For abonnentar som ønskjer det kan vi framleis senda ut avlesingskort i staden for SMS, då må abonnenten melda frå til oss om det. I tillegg vil det bli sendt ut avlesningskort der vi ikkje finn mobilnummer. 
 

Ved feil

Dersom du mottar ein SMS som du meiner er sendt til feil nummer, ber vi deg om å ikkje svara på denne. I tillegg må den som mottar ein feilsendt SMS kontrollera sine opplysningar i dei offentlege registra og 1881. 
Løysinga fungerer ikkje som er innbyggjardialog. Det er inga manuell oppfølging. 
 

Kan vi nå deg? 

Det er to ulike register ein kan velja å registrera seg i for at vi skal nå deg. (Her kan du óg kontrollera om du alt er registrert) I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjera oppslag på 1881.no.
 
Vi rår til å legga inn både mobiltelefon og e-postadresse i dette nasjonale kontaktregisteret. Mange meldingar frå det offentlege vil koma gjennom desse kanalane i framtida. 
Dette er på lik linje med skattemeldinga som de kanskje er kjent med frå tidlegare. 
Dette er eit tilleggsregister som kun er kopla opp mot Varsling24 og kommunen sitt varslingssystem.
 

Kva med verksemder?

Verksemder må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no, telefonnummeret til verksemder kan ikkje hentast frå andre kanalar.
 
Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruka det mobilnummeret du svarte frå, eller eventuelt det mobilnummeret du oppgjer saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgjer på svarslippen. Har du spørsmål, ta kontakt med oss på e-post: post@fusa.kommune.no 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30