Aktuelt frå kommunen

Vårprogram Fusa folkebibliotek

Arkivfoto: Merete Gauden på eventyrturné i fusabarnehagane 2015. - Klikk for stort bileteArkivfoto: Merete Gauden på eventyrturné i fusabarnehagane 2015. Kjellaug S. Raunsgard Fusa folkebibliotek kan by på eit variert program framover våren med noko både for liten og for stor: Tankar om tid, eventyr, internasjonal kafé, speldag og krigshistorie. Sjå fullstendig vårprogram (PDF, 189 kB) - skriv det gjerne ut og heng det på kjøleslåpet.

Torsdagsakademi

Det er sett opp to Torsdagsakademi til i vår: 21. april er Ole Bjørn Eikeland og Anja Tveiterås gjester med funderingar over temaet tid.

12. mai kjem historikar Ole-Jakob Abraham frå Os og fortel frå boka si om Saborg, som kom ut i fjor. Han vil særleg ta for seg sabotasjegrupper i vårt område under andre verdskrigen.

Torsdagsakademia startar kl 19, inngangspengar: kr 100.

Internasjonal kafé

23. april feirar biblioteket den internasjonale bokdagen med internasjonal kafé. Det er gratis inngang, men ta gjerne med deg litt kaffimat til korgafesten.

Eventyr og spel

I fjor var forteljar Merete Gauden frå Kvam på eventyrturné i barnehagar og skular i Fusa. 30. april har ho eventyrstund på Fusa folkebibliotek kl 12. Gratis inngang.

28. mai inviterer biblioteket til speldag frå klokka 120 til klokka 14. Du kan ta med eigne spel eller låna på biblioteket.

Aksjon sommarles

1. juni-31. august kan biblioteket sine unge lesarar vera med på ei nyskaping: Aksjon sommarles. Her vankar det premie etter kor mange bøker som vert lese i løpet av sommaren. Er du nysgjerrig på aksjon sommarles? Ta ein prat med Martine i biblioteket, så får du vita meir om kva dette går ut på!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30