Aktuelt frå kommunen

Variert haustprogram i Fusa folkebibliotek

Bibliotekprogram hausten 2016 - Klikk for stort bilete Fusa folkebibliotek har mykje spennande på programmet i haust. Stikkord er lesefest, vestlandshagar, idrett og Hans Martin AustestadSjå program (PDF, 53 kB)!

Lesefest for barn

Sommarles-kampanjen for barn vert avslutta med lesefest laurdag 3. september kl 10-14.

Torsdagsakademiet

22. september kjem forfattaren og filmskaparen Lisbeth Dreyer til Torsdagsakademiet. I 2014 gav ho ut boka "Vestlandshagen". Til Fusa folkebibliotek kjem ho med biletforedrag om vestlandshagar. Dreyer er busett i Fusa.

6. oktober kl 19 er det klart for ny konsert i Torsdagsakademiet. Denne gongen får vi besøk av multiinstrumentalist, låtskrivar og produsent Hans Martin Austestad, som dei fleste nok har høyrt på NRK radio. Då han gav ut det første soloalbumet «Med Rentersrente» i 2015, gav Dagbladet han terningkast fem og overskrifta «Takk for at du synger på norsk, Austestad. Hans Martin Austestad treffer blink på første soloforsøk.» Austestad er innom fleire sjangrar, og omtalar musikken sin som urban dialekt-pop.

Det vert fleire Torsdagsakademi i haust, men resten av programmet er ikkje heilt klart enno.

Internasjonal kafé

Idrett er temaet for den internasjonale kaféen som vart arrangert laurdag 24. september kl 12.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30