Aktuelt frå kommunen

Val til ungdomsrådet

Karatetrening - Klikk for stort bileteKaratetrening GROM

Har du lyst til å vera med i ungdomsrådet? Fusa ungdomsråd skal ha 7 medlemer. 2 av desse kan veljast fritt mellom ungdom busett i Fusa som er 25 år eller yngre. Det skal også veljast personlege varamedlemer. Funksjonstida er 1 år. Alle interesserte kan koma med forslag til kandidatar innan 14. september.

Sju medlemer

Fusa ungdomsråd har sju medlemer. Ein representant er vald av kommunestyret, to er valde frå Fusa ungdomsskule og 2 representantar er valde frå Fusa vidaregåande skule. I tillegg skal det veljast to representantar på fritt grunnlag frå ungdom som er 25 år eller yngre. Det skal også oppnemnast varafolk for kvar representant.

I følgje vedtektene (PDF, 249 kB) for ungdomsrådet, så kan framlegg til kandidater til desse to siste plassane koma frå lag og organisasjonar eller frå kandidatene sjølve.

Godtgjersle

Medlemene i ungdomsrådet får godtgjersle etter regulativ for politiske råd og utval i Fusa kommune. Det vert også gjeve tilskot til reiseutgifter og eventuelt tapt arbeidsforteneste.

Møteplan

Hausten 2013 er det planlagt to faste møte: tysdag 24. september og tysdag 26. november. Møta har vore kl 11.30-14.00 og vert haldne i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Send inn forslag!

Framlegg til kandidater skal fremjast skriftleg og kan sendast til postkasse@fusa.kommune.no eller Fusa kommune, Boks 24, 5649 Eikelandsosen.   

Har du spørsmål? Kontakt kulturleiar Erik Vangsnes, som er sekretær for ungdomsrådet, på telefon 56580153.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30