Aktuelt frå kommunen

Val til ungdomsrådet

IT-konsulent Tor J. Johnsen deler ut lesebrett til medlemene i ungdomsrådet - Klikk for stort bilete

Har du lyst å bli med i ungdomsrådet og jobba for ungdomane sine interesser i Fusa? Er du i målgruppa har du sjansen no. Det skal veljast to nye frie representantar i haust. Frist til å melda seg som kandidat er 16. september.

Fusa ungdomsråd skal ha 7 medlemer. 2 av desse kan veljast fritt mellom ungdom busett i Fusa som er 20 år eller yngre, ned til og med ungdomskulealder. Desse to representantane skal veljast på ny i haust. Det skal også veljast personlege varamedlemer. 

Funksjonstida er normalt 2 år. Alle interesserte kan koma med forslag til kandidatar innan 16. september. Du kan foreslå deg sjølv eller andre som er i målgruppa. Det endelege valet av nye representantar vert gjort i Fusa ungdomsråd sitt møte måndag 17. september. I dette møtet vert rådet også konstituert med val av leiar og nestleiar.

Alle medlemene i ungdomsrådet får møtegodtgjersle for oppmøte på lik line med andre styre, råd og utval.
 
Forslag til kandidatar kan sendast som ei epostmelding til post@fusa.kommune.no. 

Sjå meir informasjon om Fusa ungdomsråd på eiga side og eigne vedtekter (PDF, 29 kB). Ta kontakt med sekretær for ungdomsrådet Erik Vangsnes, dersom du har spørsmål på telefon 56580153/ 47277146.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30